torsdag 14. juli 2011

I forgårs hadde nokre av kyllingane vagla seg for natta, medan dei andre låg i en haug på golvet. Men i går vagla alle seg. Halvparten med haudet inn mot veggen.

Natta
Oss vil ut
I dag har dei to italiener hanane yppa seg mykje mot kvarandre, håpe det ikkje blir skikkelig slossing.

torsdag 7. juli 2011

I går bygde oss verpekasser.


I kveld hadde all kyllingane lagt seg av seg sjølv i huset, så det var berre å late att døra. Dei låg i en stor haug på golvet.

lørdag 2. juli 2011

Utegåande høner

Ute for første gong i gjerdet. Men må sikre meir(visste det altso). Gråtass var en snartur inn i gjerdet, heldigvis oppdaga Fredrik det og fekk jaga han ut med en gong. Hønene kosa seg stort og ville helst ikkje inn att.
Ser spennande ut der ute
Ser spennande ut der inne

                                                        Slappe av i sola